Grytten. Ord.


Tenk om alle kunne få Gryttens ord i postkassa. Et brev. 
Hvor det stod.


Syng for meg, kviskrar du i mørket. 
Eg kjenner pusten din,
mild og stille.  
Rommet har falle til ro. Du krøllar deg inntil meg.
Vi er John og Yoko.

Eg vil at du skal synge for meg, seier du igjen.
Eg protesterer. Eg kan ikkje synge. 
Du veit at eg ikkje kan synge,
seier eg. 
Fortel ei historie for meg, då! seier du. 
Kva for historie? spør eg. 
Ei kjærleikshistorie, svarer du. 

Skal hovudpersonen vere gut eller jente?
Det kan du bestemme. 
Og kvar skal forteljinga vera frå? 
Det er du som skal fortelje!
Eg ler og seier at det ikkje er så lett. 
Ok, finn atlaset, seier du. 

Eg hoppar ut av senga og hentar atlaset i hylla.
Golvet er kaldt.
Over hustaka heng ein låg måne. Byen trekker pusten. 

No skal vi sjå, sier du og tenner nattbordlampa. 


Popsongar / Frode Grytten


Det fantastisk fine bildet av Frode Grytten er tatt av fotograf Rune Sævig / Bergens Tidende



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits